FÔR/FÔRING
Bolus for storfe

Teikn på mineral og vitamin mangel og oversikt over bolus til storfe

I 2018 publiserte Buskap ein artikkel om «Bolus som tilskudd av mineraler og vitaminer» og her er ei oppdatering av den oversikten. I tillegg har underteikna laga ei oversikt over teikn på mineral og vitaminmangel hjå storfe, sjå tabell 1.

Randi Therese Garmo

Spesialrådgiver/veterinær i Tine

Risikoen for mangel på en del mikromineraler varierer mye mellom ulike landsdeler.

Foto: Morten Livednengen, NLR

Artikkelen (se buskap.no og søk på artikkeltittel) var skrive av tidlegare veterinær i Geno, Per Gillund og Tore Sivertsen tidlegare førsteamanuensis ved Veterinærhøgskolen. Underteikna har oppdatert oversikta i artikkelen når det gjeld typer bolus, produsent, innhald, dosering, varigheit og dyregrupper den er berekna på. Det kan nok vera fleire produsentar som har bolusar for sal i Noreg slik at lista ikkje er uttømmande. Det er ikkje gjort noko kalkuleringar på nye bolusar i oversikta. For varigheit så er det brukt produsenten sine opplysningar. Det blir vist til kalkuleringar på mineral og vitaminbehov som er gjort tidlegare når det gjeld bolusar frå Agrimin, Animax og Felleskjøpet sin Pluss bolus (se se buskap.no og søk på "Mineraler og behov til storfe")

Oppsummering frå artikkelen i 2018

Tabell 1: Oversikt mikromineral (alfabetisk rekkefølgje), viktigaste vitamina og teikn på evt mangel hjå storfe.

Mikromineral

Teikn på mangel

Aldersgruppe

Geografi

Merknad

Jern (Fe)

Sjeldan. Blodmangel/anemi. Sekundært til anna sjukdom; blødning etc.

Kalv

Nok i beite i Norge

Viktig for oksygentransport i blodet (hemoglobin)

Jod (I)

Abort, dødfødte og svakfødte kalvar, dårleg sugerefleks. Håravfall. Forstørra skjoldbrusk-kjertel (struma) hjå nyfødt kalv kan forekomme. Nedsett fertilitet. Redusert mjølkeproduksjon.

Kalv, ungdyr, kyr

Mangel: I innlandet. Kyst bra med jod i planter.

Inngår i tyroksin produsert i skjoldbruskjertel. Tyroksin nødvendig for vekst, protein og energiomsetning. Mykje i råmjølk → råmjølk raskt. Raps (Brassica-arter) kan gi mangel. Selenmangel kan forsterke jodmangel.

Kobber (Cu) og Molybden (Mo)

Generell utrivelegheit, avfarging hårlag, «briller, osteodystrofi, redusert ytelse og tilvekst. Kan gi nedsatt fruktbarheit

Kalv, ungdyr, kyr

Cu:Mo forhold kan vera lågt på Sørlandet, Sørvestlandet og Lofoten og kan gi Cu-mangel.

Lite ssh for Cu-forgiftning på storfe i Norge

Opptak av Cu er særleg avhengig av molybden i fôret. Cu:Mo forholdet, ikkje under 2:1 → Risiko for Cu-mangel pga mykje molybden.

Kobolt (Co)

Sjeldan under vanlege foringsforhold. Ingen typiske sjukdomsteikn. Kan gje dårleg tilvekst

Evt lam på innmark Rogaland

Inngår i vit B12 som mikrobene i vomma syntetiserer

Mangan (Mn)

Kan virke inn på fertilitet.

Fôr og beite godt nok i Norge

Selen (Se)

Svakfødte kalvar, muskeldegenerasjon (kjøttfe): stive og ustøe. Nedsett immunforsvar, dårleg fertilitet.

Kalv, ungdyr, kyr

Mangel generelt. Lågast i innlandet i S-Norge.

Samspel med vit E. Lågt vit E → må sikre nok Selen.

Giftig, risiko for overdosering.

Rask vekst (kjøttfe) kan disponere for muskeldegenerasjon

Sink (Zn)

Utrivelegheit og hudforandringar som parakeratose

Heile landet stort sett nok sink i gras. Sjeldan i Norge

Lauv rikt på sink.

Vitamin

Vitamin A

Dødfødt og svakfødt kalv. (Natt) blindheit, nedsatt fruktbarheit, tilbakeholdt etterbyrd

Kalv, ungdyr, kyr

Sjeldan i Norge

Mykje halmfôring kan gje mangel.

Tørre skrinne beiter.

Kalv født med lite vit A → råmjølk viktig for opptak.

Vitamin E

Svakfødte kalvar og fertilitet. (Frie feittsyrer i mjølk høgt)

Kalv, kviger, ku

Samspel med Se. lågt vit E, må sikre nok Se. Beskytte cellemembran. Beite og ferskt gras rikt på vit E. Brytes ned av sollys. Grovfor: Degraderer under lagring av fôret. Fortørking (høy/hesjing) kan redusere nivået.

Vitamin D

Osteodystrofi/ dårleg beinvekst

Ungdyr og rundt kalving

Viktig for kalsium og fosfor-omsetninga. Høg kation-anion differanse kan påvirke omsetning av vit D til aktiv form.

Evt mangel på innefôring.

Storfe sitt behov for mineral og vitamin dekkast stort sett gjennom grovfôr, beite og kraftfôr (normalt tilsett mineral og vitamin). Det er variasjon i risiko for mangel rundt om i landet. Eventuelt underskot er au avhengig av mengde sporelement/mikromineral i enga, på beite og i jordsmonnet, haustemetode og lagring, og til slutt på opptaket i fordøyelsessystemet hjå dyret.

Dyr som får lite kraftfôr kan trenge ekstra tilskot av mikromineral som, i alfabetisk rekkefølge: Jern (Fe), jod (I), kopper (Cu), kobolt (Co), mangan (Mn), molybden (Mo), selen (Se), og sink (Zn).

Tilfelle der tilskot kan vera naudsynt

Dyr som får lite kraftfôr kan trenge ekstra tilskot av mikromineral.

Foto: June Witsøe

  • Kviger og sinkyr dei siste 6-8 vekene før kalving

  • Mjølkekyr som får mindre enn 4 kg kraftfôr

  • Kjøttfe: Kviger og kyr

  • Kalv og ungdyr

  • Eigeprodusert kraftfôr utan tilsetting

  • Utstrakt bruk av alternative fôrmidlar som potetar, mask, drank, brød og anna matproduksjonsavfall.

  • Områder i landet der ein veit det kan vera mangel.

    Tabell 2. Typer bolus, produsent, innhald, dosering, varigheit og dyregrupper den er berekna på. Før bruk i økologisk produksjon sjekk Debio Driftsmiddelregister.

    Produsent

    Bolus Merke

    Mineral

    Vitamin

    Dyregruppe/vekt

    Angitt dosering

    Angitt varigheit frå produsent

    Beskrivelse/påstand frå produsent på produktet

    Agrimin

    All-trace biotin

    Kobber, kobolt, selen, managan, sink, jod

    Bitoin, Vit A, Vit D3 og Vit E

    > 400 kg

    2 boluser

    120 dagar

    Til kyr med klauvlidingar eller etter klauvskjæring

    Agrimin

    All-trace sinku

    Kobber, kobolt, selen, managan, sink, jod

    Vit A, Vit D3 og Vit E

    Sinkyr, drektige kviger

    2 boluser

    120 dagar

    < 3kg krfor, ”Vinterbolus”

    Agrimin

    All-trace Jod

    Kobber, kobolt, selen, managan, sink, jod

    Vit A, Vit D3 og Vit E

    > 400 kg

    2 boluser

    180 dagar

    Ammeku og kyr med høg avdrått, ”Vinterbolus”

    Agrimin

    All-trace ku

    Kobber, kobolt, selen, managan, sink, jod

    Vit A, Vit D3 og Vit E

    > 400 kg

    2 boluser

    240 dagar

    Kan brukes på beite og storfe som får kraftfor. ”Kvigeblous”

    Agrimin

    24-7 Smartrace ku

    Jod, kobolt, selen

    .

    > 400 kg

    1 bolus

    180 dagar

    Beitebolus og til dyr med høg krfor-rasjon. Godkjent økologisk

    Agrimin

    24-7 Smartrace Pluss ku

    Kobber, jod, kobolt, selen

    .

    > 400 kg

    1 bolus

    180 dagar

    Beitebolus for sinkyr. Godkjent økologisk

    Agrimin

    24-7 Smartrace growth pluss

    Kobber, jod, kobolt, selen

    .

    150-400 kg

    1 bolus

    180 dagar

    Beitebolus ungdyr. Godkjent økologisk

    Agrimin

    24-7 Smartrace growth

    Jod, kobolt, selen

    .

    150-400 kg

    1 bolus

    180 dagar

    Beitebolus ungdyr. Godkjent økologisk

    Agrimin

    24-7 Smartrace calf

    Kobber, jod, kobolt, selen

    .

    75 -200 kg

    1 bolus

    181 dagar

    Kalv og ungdyr. Godkjent økologisk

    Agrimin

    Esay breeder

    Selen

    Vit E

    Kviger før kalving og sinkyr

    1 bolus

    60 dagar

    Kan bedre fertilitet, råmjølksproduksjon og vitalitet hjå kalv

    Alltech

    Allround Bolus

    Kobber, jod, kobolt, mangan, selen, sink

    Vit A, Vit D3 og Vit E

    > 150 kg

    1 bolus

    ca 180 dagar

    Ein bolus pr ku frå 150 kg. Optimalisere immunforsvaret, fruktbarheten og tilvekst til storfe

    Alltech

    Sinku Bolus

    Kobber, jod, kobolt, selen, sink

    Vit A, Vit D3 og Vit E

    > 200 kg

    1 bolus

    70 dagar

    Sinku

    Animax

    Tracesure Cattle Bolus

    Jod, kobolt, selen

    .

    > 200 kg

    1 bolus: 200-500kg, 2 boluser >500 kg, eller XL: 1bolus >500 kg

    opptil 6 mnd

    Kviger 2 mnd før inseminering eller kalving. Sinkyr og ungdyr >200 kg i god tid før beite.

    Animax

    Tracesure Cattle Bolus with Copper

    Kobber, jod, kobolt, selen

    .

    > 200 kg

    1 bolus: 200-500kg, 2 boluser >500 kg

    opptil 6 mnd

    Kviger 2 mnd før inseminering eller kalving. Sinkyr og ungdyr >200 kg i god tid før beite.

    Animax

    Tracesure Calf Bolus

    Jod, kobolt, selen

    .

    > 75 kg

    1 bolus

    opptil 6 mnd

    Kalv > 75 kg

    Animax

    Tracesure Calf Bolus with Copper

    Kobber, jod, kobolt, selen

    .

    > 75 kg

    1 bolus

    opptil 6 mnd

    Kalv > 75 kg

    3B Agro

    Mineral vitamin bolus

    Kobber, jod, kobolt, mangan, selen, sink

    Vit A, Vit D3 og Vit E

    > 300 kg

    1 bolus: > 300 kg og kviger 6-8 v. før kalving 2 boluser: Sinkyr

    90 dagar

    Sinkyr, høgtytande kyr og beitande storfe med funksjonell vom. Forbedrer fertilitet.

    Vetalis

    Oligovet Dry cow

    Kobber, jod, kobolt, mangan, selen, sink

    Vit A og Vit E

    > 400 kg

    1 bolus

    90 dagar

    Sinkyr, kalving og 1 mnd etter kalving. Garanterer mineral og vitamin i heile sintida.

    Vetalis

    Kobber, jod, kobolt, selen, sink

    .

    > 400 kg

    1 bolus

    250 dagar

    Gis ved beiteslipp

    Felleskjøpet

    Pluss Bolusstorfe

    Kobber, jod, kobolt, mangan, selen, sink

    Vit A, Vit D3 og Vit E

    > 200 kg

    2 boluser pr storfe >200 kg

    ca 250 dagar

    Ikkje for storfe < 200 kg. Anbefales til storfe på beite

    Felleskjøpet

    Pluss Bollus Sinku

    Kobber, jod, kobolt, selen, sink

    Vit A og Vit E

    > 200 kg

    2 boluser pr storfe 6 veker før kalving

    ca 40 dagar

    Ikkje for storfe < 200 kg. Til sinkyr, ammeku eller kviger før kalving.

Les meir: